
Hardanger BTK sitt andrelag spela laurdag sesongens sjuande og åttande kamp i 5. divisjon. Laksevåg 5 og Laksevåg 6 var motstandarar i Bergen. Me vann begge kampane!
Me vann først 7-3 mot Laksevåg 6. Me stilte med Liam Amir Jamal, Murad Basem Farah og Mohamad Basem Farah. I tillegg kom lagleiar Jeannette Huttenlocher inn i ein singel. Sigrane kom ved Liam (3), Mohamad (2), Murad og dobbelparet Liam/Murad. HBTK vann to av kampane 3-2, medan me tapte med same siffer i ein av kampane.
Deretter vann me 6-4 mot Laksevåg 5. Me stilte med same mannskap i denne kampen, men her kom Jeannette inn i både ein singel samt dobbel. Sigrane kom ved Liam (3) og Mohamad (3). I tillegg tapte me ein kamp i femte og avgjerande sett.
Etter to sigrar laurdag klatra HBTK til tredjeplass blant dei seks laga i avdelinga. Terminliste, resultat og tabell finn du her, men dette er ikkje oppdatert etter laurdagens kampar.
Dei to siste kampane våre er heimekampar mot Heros 5 og Laksevåg 6. Dei vert truleg spela i Hardanger Bordtennishall laurdag 22. mars.