
Hardanger BTK sitt førstelag spela laurdag sesongens niande kamp i 4. divisjon. Bergen PIL 2 var motstandar i Bergen. Kampen enda 5-5.
HBTK stilte med Håvard Markhus, Liam Amir Jamal og Mohamad Basem Farah. Dei to sistnemnde spela to 5. divisjonskampar tidlegare på dagen. Sigrane kom ved Håvard (2), Liam (2) og dobbelparet Håvard/Mohamad. Dette var ein svært jamnspelt lagkamp, der heile sju av ti kampar enda 3-2! Bergen PIL vann fire av desse, medan me vann tre. I den siste kampen leia Bergen PIL 10-7 i femte sett og hadde dermed tre matchballar på å sikra siger både i den kampen og i lagkampen, men dobbelparet Håvard/Mohamad kom tilbake og sikra med det uavgjort i lagkampen.
Etter denne kampen klatra HBTK til fjerdeplass blant dei seks laga i avdelinga. Terminliste, resultat og tabell finn du her, men dette er ikkje oppdatert etter laurdagens kamp.
Sesongens siste kamp er ein heimekamp mot Heros 3. Den vert spela i Hardanger Bordtennishall fredag 21. mars.