Årsmøtet er vel gjennomført!

På måndagens årsmøte i Hardanger BTK tok Håvard Markhus attval som leiar. Dei fleste andre tok også attval.

Den einaste som forlet eit verv er nestleiar Jack Feng. Han har vore med i styret i ulike posisjonar frå 2013. På 18-årsdagen sin i 2016 vart han vald til leiar. Dei siste åra har han vore nestleiar. Me takkar Jack for stor innsats gjennom tolv år i styret!

Lars Henrik Mo går frå varamedlem til nestleiar. Nytt varamedlem vert Thor-Arne Lyshaugen. Han er ny i styret, men langt frå ny i bordtennisen. Han har tidlegare vore leiar i klubben, og han har også site i styret i Hordaland Bordtenniskrets.

Me ynskjer det nye styret og dei andre valde organa lukke til!

Det nye styret ser slik ut:

Leiar: Håvard Markhus

Nestleiar: Lars Henrik Mo

Styremedlem: Kjersti Hanssen

Varamedlem: Thor-Arne Lyshaugen

Kontrollutvalet ser framleis slik ut:

Leiar: Martin Dalane

Medlem: Trine Alette Fykse

Valkomitèen ser framleis slik ut:

Leiar: Vidar Sangolt

Medlem: Bente Maubach

Varamedlem: Aodne Valland

Under «Om klubben» øvst på sida finn du ei oppdatert oversikt over alle med faste oppgåver i klubben.

Sju medlemer møtte på årsmøtet, som vart avvikla i Hardanger Bordtennishall. Årsmøtet kunne slå fast at 2024 var eit vellukka år for klubben!

Årsmeldinga vert lagt ut på nettsida i ei eiga sak seinare.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.