Årsmøtet i Hardanger BTK måndag kunne slå fast at 2024 vart eit vellukka år for klubben!
Her kjem årsmeldinga som vart godkjend på årsmøtet:
Årsmelding Hardanger Bordtennisklubb 2024 13.03.2025
Innleiing
Her kjem årsmelding for 2024. Denne er kortfatta. Ei meir omfattande sesongmelding vert godkjend av styret og lagt ut på hbtk.no etter sesongslutt.
Organisasjon
Styret har vore samansett slik sidan sist årsmøte:
Leiar: Håvard Markhus Vald til 2025
Nestleiar: Jack Feng Vald til 2025
Styremedlem: Kjersti Hanssen Vald til 2025
Varamedlem: Lars Henrik Mo Vald til 2025
Valkomitè:
Leiar: Vidar Sangolt
Medlem: Bente Maubach
Varamedlem: Aodne Valland
Kontrollutval:
Leiar: Martin Dalane
Medlem: Trine Alette Fykse
Anders Hovden har vore rekneskapsførar.
Ein del verv fylgjer sesongane. Oversikt over desse står i sesongmeldingane.
Styrearbeid
Styret har gjennomført fire digitale styremøte og har i tillegg hatt kontakt via telefon og epost.
Medlemstal
Klubben hadde 72 registrerte medlemer pr. 31.12.2024.
Forbundsting, regionsting og valde representantar
Aodne Valland og Jeannette Huttenlocher representerte klubben på regionstinget i juni. Jeannette vart vald inn i regionsstyret.
Eigne arrangement
Me har arrangert Norheimsund Open samt nokre mindre arrangement.
Dugnad
Økonomi
Økonomisk gjekk klubben med eit overskot på kr 108 723,- i 2024. 50.000 kr av dette var stønad frå Sparebankstiftinga Hardanger som me mottok i starten av 2024, men som gjaldt for 2023. Utgiftene ifb med denne stønaden hadde me i 2023. 40.000 kr er støtte frå Sparebanken Vest prosjektmidlar, motteke i november 2024, som gjeld aktivitetar der kostnadene skjer i 2025. Det reelle overskotet for 2024 er då i praksis 18.723 kr.
Me har pengar på konto og ein ryddig økonomi.
Diverse
Klubben leiger framleis treningslokale i gymsalen på den tidlegare yrkesskulen i Steinsdalen. Me har kontrakt fram til sommaren 2025.
Oppsummering
Klubben har mange medlemer som tek på seg oppgåver, og drifta av klubben går godt!
Me har mange aktive medlemer og høgt aktivitetsnivå. Me har fleire aktive medlemer og høgare aktivitetsnivå enn før me fekk tilgang til eige treningslokale i Hardanger Bordtennishall. Me har også oppnådd mange gode resultat!
Me kan vera veldig godt nøgde med året! Blant høgdepunkta var då me stilte med sju deltakarar på NM for yngre/Stiga 11-ern i Skien og då me stilte med 23 deltakarar i vårt eige Norheimsund Open.
Sjå elles sesongmeldingane, som vert lagt ut på hbtk.no etter sesongslutt kvart år.
Styret