Heimekampar i 4. og 5. divisjon

Fredag 21. mars er det heimekamp i 4. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt førstelag møter Heros 3 kl. 18.30.

Laurdag 22. mars er det heimekampar i 5. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt andrelag møter Laksevåg 6 kl. 11.00. Deretter møter dei Heros 5. Den kampen startar seinast kl. 14.00.

Dette er dei siste seriekampane denne sesongen for begge laga.

Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampane! Det vil også vera plass til å spela samstundes dersom nokon ynskjer det. Open hall går som normalt fredagen.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.