
Hardanger BTK sitt førstelag spela fredag sesongens tiande og siste kamp i 4. divisjon. Heros 3 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Me vann 7-3!
HBTK stilte med Håvard Markhus, Aodne Valland og Lars Henrik Mo. I tillegg kom Gustav Korshavn Vikesdal inn i ein singel samt dobbel. Han debuterte i 4. divisjon og vann begge kampane! Sigrane kom ved Håvard (2), Aodne (3), Gustav og dobbelparet Aodne/Gustav. Stillinga var 3-3 etter seks spelte kampar, men heimelaget vann dei fire siste kampane. Berre ein av kampane gjekk til femte sett. Det var dobbelen, som me vann 3-2 etter at bortelaget hadde ein matchball i fjerde sett.
Etter denne kampen klatra HBTK til andreplass blant dei seks laga i avdelinga. Resultata i to andre kampar vil avgjera om me vert nummer to, tre eller fire. Terminliste, resultat og tabell finn du her.
Målet har heile tida vore å unngå sisteplassen og det har me no greidd med god margin! Me gratulerer laget med ein veldig godt gjennomført sesong! Ei oppsummering av seriesesongen vert lagt ut når både 4. og 5. divisjon er ferdigspela.