Fleire toppresultat i Bergen!

Frå venstre: Liam, Kristian, Murad, Aodne og Mohamad

Hardanger BTK sine deltakarar hevda seg svært godt under helgas bordtennisturneringar i Olsvikhallen i Bergen! Laurdag var det Laksevågkruset og sundag regionsmeisterskap. Dette var siste gong det vart arrangert bordtennisturneringar i denne hallen. Til hausten er det Alvøen idrettspark – med både ny idrettshall og eigen bordtennishall som gjeld.

Me stilte med fem deltakarar i Laksevågkruset, og alle sikra seg gode plasseringar! I herrar F vann Mohamad Basem Farah samtlege kampar og vart ein klar klassevinnar! Han tapte berre to sett gjennom heile klassen og vann 3-0 i finalen. Dermed vann han klassen for andre gong på rad! Broren Murad Basem Farah fylgde opp med ein flott femteplass i klassen, som hadde tjue deltakarar.

Herrar E var den største klassen – med heile 36 deltakarar. Liam Amir Jamal var ikkje blant dei seeda spelarane, men imponerte med å gå heilt til finalen! Der vart det 3-1-tap, men andreplass var uansett svært sterkt! I semien slo Liam klubbkamerat Aodne Valland, som dermed sikra seg ein flott tredjeplass med skade. I kvarten trakka han nemleg over, men etter medisinsk time-out snudde han kampen til siger sjølv om han var tydeleg skada. Kristian Sørheim, som spelte sine første offisielle kampar sidan 2012, fylgde opp den fine HBTK-innsatsen i klassen med sin niandeplass.

I gutar 15 vart det ein sterk tredjeplass til Liam! Han var den einaste av spelarane våre som også deltok sundag. Då sikra han seg femteplass i gutar 15.

Hardanger BTK er svært godt nøgde med spel, resultat og innsats i turneringa!

Dette var – slik det ser ut no – den siste turneringa på vestlandet før sommaren. Neste turnering me deltek i er NM for yngre og Stiga 11-ern i Bodø 30. mai- 01. juni.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.