Klubbtrenarkurs – påminning!

Norges Bordtennisforbund (NBTF) i samarbeid med Region Vest og Hardanger BTK inviterer alle interesserte til klubbtrenarkurs i Hardanger Bordtennishall fredag 04. april. Kurset startar kl. 1700 og sluttar kl. 2000. Gundars Rusis, som er sports- og utviklingssjef  i NBTF, held kurset. 

Medlemer i Hardanger BTK kan framleis melda seg på til Håvard (91535549, havard@hbtk.no). Ein del har gjort det, men me har plass til fleire. Ta også kontakt med Håvard dersom du ynskjer meir info.

Grunna klubbtrenarkurset vert det ikkje vanleg open hall denne fredagen.

NB. Det same kurset vert arrangert i Laksevåg Bordtennishall i Bergen laurdag 05. april kl. 11.00 dersom det passar betre for nokon. Ta kontakt med Håvard for meir info.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.