Open hall for ungdomar – med støtte frå Sparebanken Vest!

Denne veka var det kake, snacks og brus på open hall for ungdomar.Her ser me ein del av dei som møtte.

Hardanger BTK har open hall for ungdomar kvar tysdag kl. 18-19.30. I vinter byrja me med servering for ungdomane kvar fjerde tysdag. Menyen varierer. Så langt har ungdomane fått blant anna pizza, kaker, brownies og brus. Sparebanken Vest har støtta tiltaket!

I tillegg har klubben fått på plass minibiljardbord og andre spel. Så langt har me lånt desse, men klubben har fått støtte frå Sparebanken Vest til innkjøp av spel og anna utstyr og vil snart kjøpa inn dette. Me vil igjen takka Sparebanken Vest for støtte både til servering og innkjøp av spel og utstyr!

Det kjem til å vera servering på open hall for ungdomar fleire gonger før sommaren. Vel møtt!

Pizza stod på menyen ein gong.
Minibiljard og fotballspel er blant moglegheitene
Frå open hall for ungdomar
Brownies, snacks, kjeks og brus stod på menyen ein gong.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.