Påskeferie!

I veke 16 er det påskeferie.

Open hall for alle vil gå som normalt kl. 17.30-19.00 sundag 13. april. Open hall for pensjonistar og andre kl. 11.00-12.30 måndag 14. april går også som normalt. Alle er velkomne desse dagane, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

Dei andre faste tidene utgår i ferien, men truleg vil det vera folk i hallen for å spela også til andre tider. I så fall vil det verta lagt ut info om dette i den interne facebookgruppa etter kvart som dette vert bestemt. Også då er alle velkomne, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil bli medlem i den interne facebookgruppa. Ta kontakt med han dersom du ynskjer å verta informert om når det er folk i hallen eller dersom du ynskjer å låna hallen i ferien.

Etter ferien startar me opp att med treningar og open hall til vanlege tider tysdag 22. april.

Hardanger BTK ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god påskeferie!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.