1. mai og langhelg

Denne veka vert avslutta med ei langhelg for mange. Torsdag 1. mai er det fridag for dei aller fleste, og mange har også fri fredag 2. mai. Treningane på kveldstid torsdag 1. mai og fredag 2. mai går difor ut.

Open hall for pensjonistar og andre kl. 11.00-12.30 torsdag 1. mai og open hall for alle kl. 17.30-19.00 sundag 4. mai vil gå som normalt. Sundagen er det Vaffelsundag med sal av kaffi og vafler – slik det er første sundagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade. Alle er velkomne desse dagane, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

Me ynskjer alle ein god 1. mai – og god helg!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.