
Iselinn Stuve var Hardanger BTK sin einaste representant under årets veteran-NM, som vart arrangert av Kongsvinger-klubben Kobra BTK i Charlottenberg i Sverige i helga.
I damer dobbel 35 sikra Iselinn seg ein flott bronsemedalje saman med makker Marthe Nilsen frå B-72! I kvarten slo dei eit finaleseeda par 3-2 og 11-9 i siste sett. I semien vart det 3-1-tap.
Me gratulerer Iselinn med ein ny NM-medalje!
Neste turnering er Bergen PIL Open , som vert arrangert i Olsvikhallen i Bergen laurdag 24. mai.