
Hardanger BTK har motteke 70 000,- i prosjektmidlar frå Sparebanken Norge! Støtta skal gå til drakter, utstyr, halldrift og aktivitet.
Sparebanken Vest har vore vår viktigaste støttespelar og samarbeidspartnar i mange år. No har dei slått seg saman med Sparebanken Sør og blitt til Sparebanken Norge. Me gler oss over at Sparebanken Norge vil støtta oss!
Under open hall på dagtid torsdag møtte representantar frå banken opp med gode ord om klubben samt det synlege beviset på støtta. Som takk fekk dei både pølser og brus samt at dei fekk prøva bordtennis. Pølsene var grilla på den nye bålpanna vår – som er kjøpt inn ved hjelp av tidlegare støtte frå Sparebanken Vest til diverse utstyr. Den vart nemleg testa ut for første gong denne dagen.
Me takkar Sparebanken Norge for støtta, og oppmodar alle om å bruka banken!





