Liam og Mohamad gjekk til topps i Bergen!

Liam og Mohamad gjekk til topps i junior dobbel og vart belønna med pengepremie!

Hardanger BTK stilte med fem deltakarar i Bergen PIL Open i Olsvikhallen i Bergen laurdag. I junior dobbel imponerte Mohamad Basem Farah og Liam Amir Jamal då dei gjekk heilt til topps etter å ha spela svært godt i alle kampane! Våre gutar var ikkje favorittar i nokon av kampane, men slo til med tre sterke sigrar og sikra med det førsteplassen! I den avgjerande kampen vann dei svært knepent 3-2 etter at motstandarane hadde hatt fleire matchballar.

Mohamad imponerte også då han slo puljevinnaren i si pulje i rankingklasse B. Diverre tapte han mot dei to andre i pulja og rauk dermed ut. Liam rauk også ut med ein siger og to tap i puljespelet i rankingklasse B. Slik gjekk det også med Murad Basem Farah i rankingklasse C. Alexsander Nyland deltok i si første turnering og vart nummer to i B-sluttspelet i rekruttklassen. I senior dobbel spela Håvard Markhus saman med Murad. Dei møtte tøff motstand – blant anna to noregsmeistrar – og måtte nøya seg med å vinna eitt sett i klassen.

Hardanger BTK er svært godt nøgde med spel, resultat og innsats i turneringa!

Neste helg er det NM for yngre i Bodø. Der deltek Liam Amir Jamal som vår einaste representant. Deretter deltek klubben med fem spelarar i Lekstorps Sommarpool , som vert arrangert i Gråbo utanfor Gøteborg helga 27.-29. juni.

Frå venstre: Mohamad, Liam, Alexsander og Murad
Jone Haugland frå Stord BTK coachar Liam og Mohamad. Neste helg spelar Liam og Jone dobbel i NM for yngre i Bodø.
Denne gjengen var samla på Peppes etter turneringa. Ein del av dei rakk også ein tur på Vannkanten.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.