Viktig info om trening, Vaffelsundag og avslutning!

Torsdag 29. mai er det Kristi Himmelfartsdag, så då utgår både open hall på dagtid og treninga på kveldstid.

Sundag 01. juni er det Vaffelsundag med sal av kaffi og vafler – slik det er første sundagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade. Arrangementet er frå kl. 17.30-19.00. Alle er velkomne, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

Onsdag 04. juni vert det sommaravslutning kl. 18.00. Torsdag 05. juni vert det sommaravslutning kl. 11.00. Me køyrer avslutning begge dagane for at det skal passa for flest mogleg. Alle medlemer er velkomne begge dagar, og ein treng ikkje melda seg på.

Avslutningane vert i Hardanger Bordtennishall. Det vert mogleg å spela bordtennis og andre spel, og menyen vert truleg grilla pølser, hamburgarar, brus, kaffi og is. Det er fint om alle kan ta med bestikk, fat og kopp sjølv.

Vaksne betalar 100,- og dei under 18 år 50,- for å vera med på ei avslutning. Betaling vert via Vipps, og ein får beskjed om Vippsnummer ved oppmøte.

NB. Sjølv om det er sommaravslutning neste veke vil me fortsetja med både treningar og open hall til same tider som før også etter avslutninga. Unntaka vert open hall fredagar og sundagar. Open hall fredagar har allereie teke sommarferie, og open hall sundagar tek sommarferie etter sundag 01. juni.

Me ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god Kristi Himmelfartsdag – og god helg!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.