Niandeplass i NM!

Jone (til venstre) og Liam sikra seg ein flott niandeplass i gutar dobbel!

Liam Amir Jamal var Hardanger BTK sin einaste representant i årets NM for yngre, som vart arrangert i Bodø denne helga. I gutar dobbel spela han saman med Jone Haugland frå Stord BTK. I første runde vann dei 3-2. Det tredje settet tapte dei 11-0 (!), men deretter kom dei sterkt tilbake og vann dei to siste setta! I åttandedelsfinalen tapte Liam og Jone mot eit par som seinare tok bronse i klassen, men to av setta tapte dei med knappast mogleg margin. Dermed vart det ein flott niandeplass på paret! For Liam sin del så gjorde han det skarpt i dobbel for andre helg på rad. Sist helg gjekk han til topps i junior dobbel saman med klubbkameraten Mohamad Basem Farah i ei turnering i Bergen.

I NM for yngre vert spelarane delt inn i to klassar etter nivå i Gutar 15 singel. Liam deltok i den beste klassen. Her møtte han tøff motstand i puljespelet og rauk ut der.

Hardanger BTK gratulerer Liam og Jone med niandeplassen!

Neste turnering er Lekstorps Sommarpool , som vert arrangert i Gråbo utanfor Gøteborg helga 27.-29. juni.

Dobbelparet i aksjon
Frå opningsseremonien
Slik enda kampen i første runde i gutar dobbel
Delegasjonane frå Stord og Hardanger var mykje i lag under opphaldet i Bodø. Her ser me dei på ein restaurant. I fylgje rapportane har dei hatt ei veldig kjekk helg!
Dart vart det også tid til
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.