Oppsummering seriespel sesongen 2024-2025

Ein del av spelarane som sikra bronse i 5. divisjon: Bak frå venstre: Murad, Jeannette og Liam Framme frå venstre: Felix og Mohamad.

Hardanger BTK stilte med to lag i seriespelet sesongen 2024-2025. Førstelaget enda på fjerdeplass i 4. divisjon medan andrelaget vart nummer tre i 5. divisjon. Her kjem ei oppsummering av sesongen.

Liam vart nummer fem i kåringa av årets lagspelar i 5. divisjon!

I 4. divisjon avdeling NV vart førstelaget nummer fire blant seks lag. Laget vann tre kampar, spela fire uavgjort og tapte tre kampar. Dette gav 10 poeng. Kampkvoten var 50-50 (!).

Ni spelarar har spela på laget i løpet av sesongen; Håvard Markhus, Aodne Valland, Lars Henrik Mo, Torstein Valland, Vegard Markhus, Jeannette Huttenlocher, Liam Amir Jamal, Mohamad Basem Farah og Gustav Korshavn Vikesdal. Håvard var lagleiar.

Håvard vart årets lagspelar i avdelinga med 54 poeng!

I 5. divisjon avdeling NV vart andrelaget nummer tre blant seks lag! Laget vann fem kampar og tapte like mange. Dette gav 10 poeng. Kampkvoten var 49-51.

Åtte spelarar har spela på laget i løpet av sesongen; Felix van der Leest, Torstein Valland, Mohamad Basem Farah, Murad Basem Farah, Liam Amir Jamal, Jeannette Huttenlocher, Vegard Markhus og Obaida Taha.

I kåringa av årets lagspelar vart Liam nummer fem med 42 poeng.

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med seriesesongen, og me ser fram til nye spennande kampar i seriesystemet neste sesong!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.