
Hardanger BTK kan med stor glede melda om at GBS Entrepenør AS fortset som generalsponsor for klubben dei neste tre sesongane! Dette vil vera synleg både på våre nye spelar- og overtrekksdrakter, under arrangement og i andre samanhengar. GBS har vore generalsponsor for klubben også inneverande sesong, og var hovudsponsor dei siste sesongane før det.
GBS er eit entrepenørfirma som held til i Øystese. Meir info om dei finn du her.
GBS er flinke til å støtta lokale lag og organisasjonar, og no får altså Hardanger BTK framleis glede av dette! Me gler oss over at GBS vil vera ein av våre viktigaste støttespelarar også dei neste tre sesongane!
Me takkar GBS for at dei ser verdien av det arbeidet me gjer i klubben, og for at dei difor vel å fortsetja som generalsponsor for oss! Me ser fram til vidare samarbeid!