
Hardanger BTK kan med stor glede melda om at Kvam Kraftverk AS fortset som generalsponsor for klubben dei neste tre sesongane! Dette vil vera synleg både på våre nye spelar- og overtrekksdrakter, under arrangement og i andre samanhengar. Kvam Kraftverk har vore generalsponsor for klubben også inneverande sesong, og var hovudsponsor dei siste sesongane før det.
Kvam Kraftverk er vårt lokale kraftverk. Meir info om dei finn du her.
Kvam Kraftverk er flinke til å støtta lokale lag og organisasjonar, og no får altså Hardanger BTK framleis glede av dette! Me gler oss over at Kvam Kraftverk vil vera ein av våre viktigaste støttespelarar også dei neste tre sesongane!
Me takkar Kvam Kraftverk for at dei ser verdien av det arbeidet me gjer i klubben, og for at dei difor vel å fortsetja som generalsponsor for oss! Me ser fram til vidare samarbeid!