Svært vellukka Sverigetur!

Heile gjengen samla på ein pizzarestaurant

Hardanger BTK har gjennomført ein svært vellukka Sverigetur! Fire ungdomar og tre vaksne var med på turen. Dei unge var Liam Amir Jamal, Mohamad Basem Farah, Murad Basem Farah og Felix van der Leest. Dei litt eldre var Kim-Erling Bolstad-Larssen, Jan Visser og Håvard Markhus. Me reiste torsdag 26. juni og kom heim tysdag 01. juli.

Torsdag køyrde me heile vegen til Noltorp utanfor Gøteborg, der me skulle overnatta i eit Airbnb-hus. Undervegs hadde me gode pausar med mat på Haukeli Fjellstove og med grensehandel på Nordby Kjøpesenter.

Fredag, laurdag og sundag deltok fem av oss i turneringa Lekstorp Sommarpool i Gråbo. Dei fire yngste deltok i fem klassar, og samtlege gjekk vidare frå puljespelet i to av dei!

Liam kom på ein sterk tredjeplass i Max 600! I åttandedelsfinalen vann han 3-2 og 14-12 i siste sett etter å ha lege under 9-2! Han kom også på niandeplass i Max 700. Murad kom på niandeplass i Max 550 og 17. plass i Max 699. Mohamad kom på niandeplass i Max 700 og Max 600. I sistnemnde klasse tapte han åttandelsfinalen med knappast mogleg margin i femte sett. Felix kom på niandeplass både i Max 600 og Max 750. I åttandedelsfinalen i sistnemnde klasse vann han 3-2 og 11-9 i siste sett! Håvard Markhus deltok i to klassar. Han vann ein kamp og fleire sett, men gjekk ikkje vidare i klassane. Konklusjonen for hans vedkomande vert det som på fagspråket heiter heiderleg innsats.

Me fekk tid til mykje meir enn å delta i turneringa. Me vitja fleire restaurantar og spela ulike spel både inne og ute. Nokon av oss testa også badetemperaturen i eit svensk vatn. Laurdag deltok me berre i ein klasse i turneringa og reiste til Gøteborg etterpå. Der var me blant anna på tur med ein amfibiebuss – ein buss som gjekk både på land og vatn. I tillegg vart det tid til blant anna utebordtennis og pizzarestaurant denne dagen.

Måndag vart det ein ny tur til Gøteborg. Der hadde me ein lang og veldig kjekk dag i Liseberg, og me forlet ikkje parken før han stengde klokka 22.00. Då reiste me til Halden, der me overnatta siste natta på motell. Tysdag reiste me den korte vegen tilbake til Sverige for å gjennomføra meir grensehandel, før me reiste heim til Noreg. Seint om kvelden var me tilbake etter ein svært vellukka tur!

For mange år sidan deltok klubben i ei turnering i Gøteborg. For to år sidan var ein del klubbmedlemer til Litauen. No var me igjen i Sverige. Me håpar og trur at det vert fleire slike turar, og me reiser gjerne tilbake til Gråbo og Lekstorp Sommarpool!

Takk til alle som var med på turen for ein veldig kjekk tur! Me kan vera veldig godt nøgde både med innsats og resultat i turneringa og med turen elles!

Pause på Haukeli Fjellstove
Grensehandel i ein ganske så stor godteributikk..
Bordtennis på stovebord
Speling
Boccia
Kim-Erling coachar Murad
Jan coachar Liam
Liam var den einaste HBTK-spelar som kom på pallen.
Liam med premien
I Gøteborg
Tureninga vart spela i to idrettshallar i dette bygget.
Frå A-hallen
Mohamad i aksjon
Ungdomane samla i hallen
Murad med ein ganske stor pizza..
Utanfor huset i Noltorp
Frå ein berg-og-dal-bane i Liseberg
Under ein fuktig båttur i Liseberg
Frå ein av mange luftige turar i Liseberg
Frå pariserhjulet i Liseberg
Utanfor Liseberg
Utebordtennis i Gøteborg
Utanfor amfibiebussen
I amfibiebussen
Frå amfibiebussen

Bussen vert til båt

Og båten vert til buss..

Hjort såg me mykje av. Ein dag var han like utanfor stovevindauga.

Liseberg radiobiler

Liseberg båttur

Liseberg store tekopper

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.