
Hardanger BTK kan med stor glede melda om at Tecno VVS AS vert hovudsponsor for klubben dei neste tre sesongane! Dette vil vera synleg både på våre nye spelar- og overtrekksdrakter, under arrangement og i andre samanhengar.
Tecno VVS AS er eit VVS-firma med hovudkontor i Norheimsund og avdelingar på Voss, i Aurland og i Lærdal. Du kan lesa meir om dei her.
Me takkar Tecno for at dei ser verdien av det arbeidet me gjer i klubben, og for at dei difor vel å gå inn som hovudsponsor for oss! Me gler oss over at Tecno vil vera ein av våre viktigaste støttespelarar dei neste tre sesongane, og me ser fram til samarbeidet!








