Til minne om Endre Furu 

Endre i klubbdrakta. Biletet er frå 2019.

Endre Furu har slått sin siste smash. Tysdagsmorgon sovna han stille inn etter lang tids sjukdom 69 år gammal. Ved bordtennisbordet vann Endre mange kampar. Endre var ein tøff motstandar også for kreften, men etter ein femten år lang kamp mot sjukdomen måtte han til slutt gje tapt. 

I mange av desse femten åra var Endre aktiv i Hardanger Bordtennisklubb. Han var mellom anna spelar, trenar og nestleiar i klubben vår. Då me arrangerte senior-NM på heimebane i 2017 var han svært sentral. Han var også ein ivrig medhjelpar då me arrangerte Norheimsund Open og sommarleirar.

Endre var også ein god spelar. Høgdepunktet som spelar var då han i 2019 vart noregsmeister i herrar ståande dobbel 35 saman med paralympisk meister Tommy Urhaug. I same meisterskap tok han bronse i herrar 35 para open. Dette vart siste turneringa Endre deltok i. Han spela ein seriekamp like etter. Deretter var karrièra som aktiv konkurranseutøvar over. Endre gav seg med andre ord på topp!

Endre spela også internasjonalt i veteranmeisterskap. I 2016 deltok han i VM i Spania og i 2018 deltok han i nordeuropeisk meisterskap i Sverige. I 2018 skulle han også ha delteke i VM i Las Vegas, men det rauk diverre grunna skade.

Endre deltok også aktivt i andre turneringar og i seriespel. Han fekk mellom anna seks A-lagskampar for klubben vår.

Dei første åra Endre var aktiv i klubben var også ein av sønene, Johannes Furu Skarpeid, med i klubben. Endre brukte mange timar i bil for at Johannes, som budde på Voss, skulle få vera med på ein del av det som skjedde i klubben. Det vitnar om eit stort engasjement både for klubben og familien.

Dei siste åra var ikkje Endre så aktiv i klubben vår sidan han budde andre stader, men han var innom og besøkte oss i den nye hallen vår i Steinsdalen.

For nokre veker sidan sendte Endre ei helsing til Jeannette Huttenlocher i klubben vår der han blant anna skreiv at «det viktige er at dere fortsetter det gode arbeidet med å lære barn og ungdom å skru en ball alle veier!»

Jeannette sendte på vegne av Hardanger BTK ei siste helsing til Endre der det blant anna stod: «Me vil takka deg gode Endre for all innsats i klubben i mange år som spelar, trenar, styremedlem og for alle dugnadstimar. For ditt humør, rolege vesen, gode forklaringar, tålmodigheit og for alle fine stunder med trening, speling, moro og sosialt i lag. Me har så mange fine og morosame minne som me alltid vil hugsa. Og me vil ta med oss vidare å læra barna og ungdomane å skru ballen alle vegar. Klem frå oss i klubben.»

Familien har også motteke ein bordtennisball med ei siste helsing frå klubben, og dei har sagt at denne vil verta med Endre i kista.

Endre vert gravlagd frå Nordstrand Kirke 22. juli kl. 10.00.

Me lyser fred over Endre Furu sitt gode minne!

Endre med pokal under Stord Cup 2017.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.