NM-statistikk

NM-statistikk for Hardanger BTK finn du under «NM-statistikk» i menyen øvst på sida. Statistikken er no oppdatert slik at alle medaljar og plasseringar til og med sesongen 2024-2025 er med.

Iselinn Stuve sin tredjeplass i damer dobbel 35 i veteran-NM- saman med makker Marthe Nilsen frå B-72 – er den einaste nye plasseringa i NM-statistikken etter denne sesongen. I tillegg har me oppdatert statistikken for Stiga 11-ern med eldre resultat slik at no er også denne komplett.

I statistikken finn du oversikt over alle NM-medaljar som medlemer av klubben har teke. I tillegg er ein del femteplassar med i statistikken. Medaljar og plasseringar frå tida då klubben heitte Norheimsund Bordtennis er også med.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.