
Stord BTK arrangerte bordtennisleir på Stord 06.-10. august. Mohamad Basem Farah, Murad Basem Farah og Liam Amir Jamal frå Hardanger BTK deltok på leiren. Dei fekk mykje god trening under leiing av Kjetil Sætre og Morten Bendiksen, som begge har vore spelarar og trenarar i Hardanger BTK tidlegare. Gutane hadde også kjekke dagar sosialt saman med spelarar frå andre klubbar. Dermed har spelarane fått ein god start på den nye sesongen!











