
Hardanger BTK har motteke 20 000,- frå Sparebankstiftinga Sparebanken Norge sitt Eldsjelfond! Støtta skal gå til «Bordtennis for alle!».
Sparebanken Vest var vår viktigaste støttespelar og samarbeidspartnar i mange år. I vår slo dei seg saman med Sparebanken Sør og vart til Sparebanken Norge. No har dei allereie støtta oss to gonger etter samanslåinga. Me gler oss over at Sparebanken Norge vil støtta oss!
Me takkar Sparebanken Norge for støtta, og oppmodar alle om å bruka banken!








