Liam på leir

Laksevåg BTK arrangerte bordtennisleir i den heilt nye Alvøen idrettshall i Bergen 13.-17. august. Liam Amir Jamal frå Hardanger BTK deltok på leiren. Der fekk han mykje god trening under leiing av den danske landslagstrenaren Claus Arnsbæk. I tillegg hadde han kjekke dagar sosialt saman med spelarar frå andre klubbar. Liam har no delteke på to leirar i løpet av dei siste vekene, og er dermed godt førebudd til den nye sesongen!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.