Taide Sport vitjar Hardanger BTK

Torsdag 28. august får Hardanger BTK besøk av Luis Betancor frå Taide Sport. Luis vil vera til stades i Hardanger Bordtennishall både på open hall på dagtid (kl. 11.00-12.30) og treninga om kvelden (kl. 17.30-19.00). Han vil ha med seg dei nye draktene til dei som allereie har bestilt desse. Desse vil likevel ikkje verta delte ut denne dagen, sidan dei skal til trykking først. I tillegg vil han ha med seg mykje utstyr som det vil vera mogleg å kjøpa. Truleg vil det også verta mogleg å utfordra Luis til nokre slag ved bordtennisbordet!

Me håpar på godt oppmøte denne dagen! Alle er velkomne – både på dagtid og kveldstid!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.