Helga 04.-05. oktober arrangerer Stord BTK årets utgåve av Stord Cup i gamlehallen i Stord idrettspark.
Laurdagen er det mogleg å delta i to klassar og det kostar mellom 100 og 230 kroner å delta i dei ulike klassane. Det er dobbelklassar, eigen rekruttklasse og klassar for alle aldersgrupper.
Sundagen kan ein delta i ein klasse og det kostar mellom 100 og 160 kroner å delta i dei ulike klassane. Det vert det arrangert ulike lagklassar samt rekruttklasse.
Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 23. september.
Det er fint om nokon melder seg som sjåførar. Det er mogleg å vera med ein eller to dagar. Det kan også verta aktuelt å reisa ned fredagskveld.
NB: Alle som er fødd i 2013 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje rekruttklassen.








