Taide Sport vitja Hardanger BTK

Nokre av dei frammøtte på treninga om kvelden.

Torsdag hadde Hardanger BTK vitjing av Luis Betancor frå Taide Sport. Luis var til stades både på open hall på dagtid og treninga om kvelden. Han fekk møta mange av medlemene våre, og nokre av dei frammøtte nytta høve til å kjøpa nytt utstyr. Han hadde også med seg dei nye draktene våre til dei som allereie har bestilt desse. Nokon nytta også høve til å utfordra Luis ved bordtennisbordet. Me takkar Luis for besøket!

Om kvelden var det også grilling. Jan Visser var grillmeister
Luis vart utfordra både i dobbel og singel.
Klubbleiaren måtte sjå seg slått.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.