Åtte pallplassar i Bergen!

Frå venstre: Mohamad, Murad og Liam hevda seg svært godt i Lyderhornspretten!

Hardanger BTK stilte i helga med tre deltakarar i Lyderhornspretten i den heilt nye Alvøen idrettshall i Bergen. Dei tre sikra seg til saman åtte pallplassar i løpet av to dagar!

I herrar e dobbel kom alle våre tre deltakar til finalen! Liam Amir Jamal og Mohamad Basem Farah gjekk til topps, etter å ha slått Murad Basem Farah og makker Wojciech Szramowski frå Stord BTK i finalen. Dette er andre gong på rad at Liam og Mohamad går til topps i ein dobbelklasse!

Liam gjekk også heilt til topps i herrar E! Mohamad vart nummer ni i klassen.

I herrar junior vart Liam nummer to etter å ha slått Mohamad 3-2 i semifinalen. Sistnemnde vart dermed nummer tre, men i puljespelet slo han klassevinnaren.

I rankingklasse under 1400 poeng vart Mohamad nummer tre, etter å ha tapt 3-2 mot klassevinnaren i semifinalen. Liam vart nummer fem.

I rankingklasse under 1050 sikra Murad seg ein sterk tredjeplass. Han var svært nær finaleplass, for i semien hadde han matchball.

Hardanger BTK er svært godt nøgde med spel, resultat og innsats i turneringa!

Neste turnering er Stord Cup helga 04.-05. oktober.

Finalen i herrar E dobbel
Spelarane våre sikra seg fleire pengepremiar i løpet av helga. Her sørger Murad for at det kjem pengar inn på konto.
Denne gjengen var samla på restaurant laurdagskvelden.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.