Alvøen Cup 2025

Helga 01.-02. november arrangerer Laksevåg BTK Alvøen Cup i Alvøen idrettshall i Bergen.

I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar laurdag og ein klasse sundag. Det kostar mellom 160 og 280 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper. Laurdagen er det vanlege singelklassar. Sundagen er det rankingturnering. Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 22. oktober.

Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

NB: Alle som er fødd i 2013 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.