Murad nummer tre i Bergen!

Frå venstre: Liam, Jeannette, Murad og Mohamad

Hardanger BTK stilte laurdag med fire deltakarar i Fjell Cup, som vart arrangert i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen. Best gjekk det med Murad Basem Farah. Han vart først puljevinnar i herrar F etter å ha slått blant andre spelaren som tok sølv i klassen. Sjølv sikra Murad seg til slutt ein sterk tredjeplass i klassen! Jeannette Huttenlocher vart nummer fem i den same klassen.

I herrar D imponerte Mohamad Basem Farah med å verta puljevinnar. Han enda til slutt på ein fin femteplass i klassen. I herrar E var både Liam Amir Jamal og Mohamad svært nære å gå vidare frå puljespelet.

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med spel, resultat og innsats i turneringa!

Neste turnering er Alvøen Cup i Bergen 01.-02. november.

Murad sikra seg ein flott tredjeplass i herrar F pg ein ny pengepremie!
Alle kom mette heim denne gongen òg!
Jeannette coachar Liam
Basem coachar sonen Mohamad.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.