Heimekampar og Vaffelsundag

Fredag 31. oktober er det heimekampar i 4. og 5. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt førstelag møter Bergen PIL i 4. divisjon. Hardanger BTK sitt andrelag møter Bergen PIL 2 i 5. divisjon. Begge kampane startar kl. 18.30.

Vel møtt til dei som vil koma for å sjå dei første heimekampane denne sesongen! I og med at det skal spelast to seriekampar samstundes vert det ikkje plass til å spela samstundes for andre. Open hall går difor ut denne fredagen.

Sundag 02. november er det Vaffelsundag med sal av kaffi og vafler – slik det er første sundagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade. Arrangementet er frå kl. 17.30-19.00. Alle er vel møtt, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.