Uavgjort i 4. og 5. divisjon

Bak frå venstre: Jeannette, Murad, Mohamad og Aodne.
Framme frå venstre: Lars Henrik og Håvard

Hardanger BTK sine to serielag spela fredag heimekampar i Hardanger Bordtennishall. Førstelaget møtte Bergen PIL 1 i 4. divisjon, medan andrelaget møtte Bergen PIL 2 i 5. divisjon. Begge kampane enda 5-5. For førstelaget var dette andre kampen denne sesongen, medan andrelaget hadde sin første kamp.

HBTK stilte med Håvard Markhus, Aodne Valland og Mohamad Basem Farah. Sigrane kom ved Håvard (2), Mohamad (2) og Aodne. Fire av kampane gjekk til femte sett. Laga vann to av desse kvar.

HBTK 2 stilte med Lars Henrik Mo, Murad Basem Farah og Jeannette Huttenlocher. Sigrane kom ved Lars Henrik (2), Murad (2) og dobbelparet Lars Henrik/Murad. Også her gjekk fire av kampane til femte sett. HBTK 2 vann tre av desse.

Bergen PIL leia 5-4 før siste kamp i begge lagkampane, men Basem Brothers sikra HBTK uavgjort med 3-2-siger i siste kamp i kvar sin lagkamp! Murad vann då 3-2 mot Sverre Valderhaug, medan Mohamad slo Geir Sætveit med same siffer.

Elles så viste Sverre nok ein gong at han har sansen for 3-2-kampar. Denne gongen enda alle hans tre kampar med 3-2 og 11-9 i femte sett (!), men Sverre gjekk berre sigrande ut av ein av desse.

Det mest overraskande resultatet var dobbelkampen i 5. divisjon, der Murad og Lars Henrik slo eit langt høgare rangert par 3-2 etter å ha fått bank i dei to første setta.

Dette var to svært jamne lagkampar, og dei vara i nesten tre timar! Lengst var kampen mellom Håvard og Geir, der sistnemnde vann 3-2 etter nesten ein times speling!

HBTK ligg nest sist på tabellen i 4. divisjon etter to spelte kampar. Seks lag er med i avdelinga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her, men dette er ikkje oppdatert etter gårsdagens kamp.

HBTK 2 deler førsteplassen på tabellen i 5. divisjon med Bergen PIL 2 etter gårsdagens serieopning. Sju lag er med i avdelinga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar vil du etter kvart finna her.

I 4. divisjon vert dei neste kampane spela i Alvøen Idrettshall i Bergen laurdag 22. november. Då møter me Fjell og Laksevåg 4.

I 5. divisjon er ikkje serieoppsettet heilt klart, men neste kamp vert truleg ein heimekamp i Hardanger Bordtennishall fredag 14. november. Då møter me Heros 4.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.