Uavgjort i 5. divisjon

Frå venstre: Murad, Lars Henrik. Liam og lagleiar Jeannette Huttenlocher

Hardanger BTK sitt andrelag spela fredag sesongens andre kamp i 5. divisjon. Heros 4 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Kampen enda 5-5.

HBTK stilte med Liam Amir Jamal, Lars Henrik Mo og Murad Basem Farah. Sigrane kom ved Liam (2), Lars Henrik, Murad og dobbelparet Liam/Murad. Tre av kampane gjekk til femte sett, og me vann to av desse.

Dette var ein ny svært jamn lagkamp. Begge kampane til andrelaget denne sesongen har enda 5-5, og det same har ein av kampane til førstelaget.

HBTK 2 ligg på andreplass på tabellen etter gårsdagens kamp. Sju lag er med i avdelinga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar vil du etter kvart finna her.

I 5. divisjon er serieoppsettet framleis ikkje heilt klart, og me veit ikkje når neste kamp vert spela.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.