To sigrar i 5. divisjon!

Frå venstre: Murad, Kristian og Håvard

Hardanger BTK sitt andrelag spela laurdag sesongens tredje og fjerde kampar i 5. divisjon. Heros 4 og Heros 5 var motstandarar i Haukelandshallen i Bergen. Me vann begge kampane!

HBTK stilte med Håvard Markhus, Kristian Sørheim og Murad Basem Farah i begge kampane. Mot Heros 5 – som var svekka grunna fleire forfall – vann me 9-1. Sigrane kom ved Håvard (3), Kristian (3), Murad (2) og dobbelparet Kristian/Murad.

Mot Heros 4 vann me 7-3. Sigrane kom ved Håvard (3), Kristian (2), Murad og dobbelparet Håvard/Murad.

Dermed har andrelaget sikra seg seks av åtte moglege poeng etter fire spelte kampar.

HBTK 2 toppar tabellen etter gårsdagens kampar. Sju lag er med i avdelinga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar vil du etter kvart finna her.

I 5. divisjon er serieoppsettet framleis ikkje heilt klart, men neste kamp vert ein heimekamp mot Voss. Den vert spela i Hardanger Bordtennishall laurdag 29. november.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.