
Hardanger BTK sitt førstelag spela laurdag sesongens tredje og fjerde kampar i 4. divisjon. Fjell og Laksevåg 4 var motstandarar i bordtennishallen i Alvøen idrettspark i Bergen. Det enda med eitt tap og ein siger for vårt lag.
HBTK stilte med Aodne Valland, Liam Amir Jamal og Mohamad Basem Farah i begge kampane. Mot Fjell vart det eit knepent 6-4-tap. Sigrane våre kom ved Aodne (2), Liam og Mohamad. Tre av kampane gjekk til femte sett. Me tapte samtlege – den eine med 12-10 i femte sett. Me var med andre ord svært nære poeng i denne lagkampen.
Mot Laksevåg 4 vann me 9-1. Heimelaget vann den første kampen, medan me vann resten. Sigrane kom ved Aodne (3), Liam (2), Mohamad (3) og dobbelparet Liam/Mohamad. Også i denne lagkampen gjekk tre av kampane til femte sett, men her var det me som vann alle tre.
Laksevåg 4 toppa tabellen og Fjell låg sist før helgas kampar. Me slo med andre ord serieleiaren og tapte mot botnlaget.. Fjell fekk sesongens første poeng mot oss, medan me var dei første som tok poeng frå Laksevåg 4. Også sist sesong var me dei første som slo Laksevåg 4.
Dermed har andrelaget sikra seg tre av åtte moglege poeng etter fire spelte kampar.
HBTK ligg nest sist på tabellen etter gårsdagens kampar. Seks lag er med i avdelinga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her, men dette er ikkje oppdatert etter gårsdagens kampar.
Neste kamp er ein heimekamp mot Heros 3. Den vert spela i Hardanger Bordtennishall fredag 05. desember.








