KM og rankingturnering

Helga 13.-14. desember arrangerer Laksevåg BTK kretsmeisterskap og rankingturnering i Alvøen idrettshall i Bergen.

Laurdagen er det KM med singel og dobbelklassar for alle aldersgrupper. Det vert ikkje arrangert rekruttklassar eller til dømes herrar D eller herrar E. Me gjer merksam på at det er cupspel i alle klassar, noko som gjer at ein risikerer å kun få spela ein kamp pr klasse. Det er mogleg å delta i tre klassar denne dagen.

Sundagen er det rankingturnering for alle aldersgrupper. Det er mogleg å delta i ein klasse denne dagen.

Det kostar mellom 70 og 250 kroner å delta i dei ulike klassane. Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 02. desember.

Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

NB: Alle som er fødd i 2013 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.