
Hardanger BTK har den siste veka gjennomført årets klubbmeisterskap i Hardanger Bordtennishall. 26 deltakarar i alderen 8 til 88 (!) år deltok. Åtti års alderskilnad på deltakarane i eit klubbmeisterskap fortel om ein idrett som passar for dei fleste!
Kristian Sørheim, Elisabeth Bjorøy, Njål Skulstad, Murad Basem Farah, Mihai Samboteanu, Mohamad Basem Farah og Lars Henrik Mo vart årets klubbmeistrar!
I herrar/damer open gjekk Kristian Sørheim til topps etter å ha slått Aodne Valland i finalen. Aodne leia 2-0 før Kristian snudde kampen og vann 3-2 – og med 11-9 i siste sett. Håvard Markhus og Liam Amir Jamal vart nummer tre. Åtte spelarar deltok.
I Golden Girls gjekk Elisabeth Bjorøy til topps. Rannveig Skeie vart nummer to og Berit Fonneland nummer tre. Fire spelarar deltok.
I Golden Boys vart Njål Skulstad klubbmeister. Thor-Arne Lyshaugen vart nummer to og Torgeir Flatebø nummer tre. Fire spelarar deltok.
I gutar/jenter 15 vart Murad Basem Farah klubbmeister. Felix van der Leest vart nummer to og Shahd Mohammad Alghneem nummer tre. Fire spelarar deltok.
I gutar/jenter 11 gjekk Mihai Samboteanu til topps. Nils Olav Huesca Byrkjeland vart nummer to, medan Bjørnar Neteland og Olav Skaar Kvarv delte tredjeplassen. Seks spelarar deltok.
I herrar/damer dobbel vart para sett saman etter nivå for å få jamnast moglege par. Mohamad Basem Farah og Lars Henrik Mo vart klubbmeistrar. Ivo Beijersbergen/Murad Basem Farah vart nummer to og Liam Amir Jamal/Jeannette Huttenlocher tok tredjeplassen. Bronsevinnarane var svært nær å slå klubbmeistrane. Dei tapte med knappast mogleg margin (2-1 i sett og 13-11 i siste sett). Fire par deltok.
HBTK gratulerer årets klubbmeistrar! Me ser fram til neste års klubbmeisterskap!













