Heimekamp i 5. divisjon og samling

Laurdag 29. november er det heimekamp i 5. divisjon i Hardanger Bordtennishall. Hardanger BTK sitt andrelag møter Voss kl. 13.30.

Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen! Det vil også vera plass til å spela samstundes dersom nokon ynskjer det.

Kampen er ein del av ei samling med spelarar frå Voss BTK og Hardanger BTK. Programmet for samlinga ser slik ut:

1100-1230 trening

1230-1300 lett servering 

1330-1600 5. divisjonskamp

1600-1700 pizza

Samlinga er berre for inviterte spelarar, men andre er velkomne for å sjå på treninga og kampen.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.