Siger i 5. divisjon og vellukka samling!

Frå venstre: Murad, Kristian, Lars Henrik og Jeannette.

Hardanger BTK sitt andrelag spela laurdag sesongens femte kamp i 5. divisjon. Voss BTK var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Kampen var ein del av ei samling saman med Voss BTK, og me vann 8-2.

HBTK stilte med Kristian Sørheim, Lars Henrik Mo og Murad Basem Farah. I tillegg kom lagleiar Jeannette Huttenlocher inn i dobbelkampen. Sigrane kom ved Murad (3), Kristian (2), Lars Henrik (2) og dobbelparet Jeannette/Murad.

To av kampane gjekk til femte sett, og me vann begge. I tillegg bytta tidlegare noregsmeister Ørjan Müller på Voss BTK seg sjølv ut undervegs i lagkampen.

Dermed har andrelaget sikra seg åtte av ti moglege poeng etter fem spelte kampar.

HBTK 2 toppar tabellen etter dagens kamp. Sju lag er med i avdelinga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her. NB. Dette er ikkje oppdatert.

Dei neste kampane vert truleg heimekampar mot dei to Laksevåg-laga. Dei vert spela i Hardanger Bordtennishall laurdag 31. januar.

Kampen var ein del av ei svært vellukka samling saman med Voss BTK. Samlinga starta med ei treningsøkt. Denne vart avslutta med ein lang runde vinnarbord med innlagte utfordringar i form av blant anna spel med feil hand. Mohamad Basem Farah frå Hardanger BTK vann vinnnarbordet, på same vis som han gjorde det under tilsvarande samling på Voss tidlegare i haust.

Etter treninga var det lunsj. Deretter var det klart for 5. divisjonskampen – det aller første møtet mellom dei to klubbane i seriespel. Til slutt vart samlinga avslutta med pizza.

Me takkar Voss BTK for besøket! Me ser fram til nye treff både i Norheimsund og på Voss!

Deltakarane på samlinga
Frå oppvarminga
Stigen
Mohamad spelar med Ørjan Müller
Nokon nytta pausen til dobbel.
Klart for lunsj
Frå pizzamåltidet
Hardingar som er glade i pizza
Frå lunsjen
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.