Helga 17.-18. januar arrangerer Laksevåg BTK Laksevågkruset i Alvøen idrettshall i Bergen.
Laurdagen er det klassar for alle aldersgrupper og det er eigen rekruttklasse. Det er mogleg å delta i to klassar denne dagen. Sundagen er det rankingturnering for alle aldersgrupper. Det er mogleg å delta i ein klasse denne dagen.
Det kostar mellom 130 og 260 kroner å delta i dei ulike klassane. Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 07. januar.
Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.
NB: Alle som er fødd i 2013 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF.








