
Hardanger BTK sine juleavslutningar onsdag og torsdag vart svært vellukka! Det var avslutning for alle som ville på kveldstid onsdag og for føremiddagsgruppa på føremiddagen torsdag. Til saman var 25 personar til stades i hallen. Dei frammøtte kosa seg med kaker, snacks, twist, mandariner, kaffi og brus. Det var god stemning, og dei frammøte var svært nøgde med arrangementa!
Klubben har no teke juleferie, noko som betyr at det er pause i dei vanlege treningane og open hall. Det vil likevel verta mogleg å spela også i ferien. Info om dette kjem seinare.















