Klubben har no teke juleferie. Open hall for pensjonistar og andre kl. 11.00-12.30 måndag 22. desember vil likevel gå som normalt. Alle er velkomne, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.
Dei andre faste tidene utgår i ferien. Det vil likevel verta mogleg å spela også i ferien. I den interne facebookgruppa vil me leggja ut info om når nokon av oss vil vera i hallen etter kvart som dette vert bestemt. Også då er alle velkomne, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.
Me minner om at me også har minibiljardbord, kortspel, sjakk og andre spel i hallen, og at det er mogleg å bruka desse.
Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil bli medlem i den interne facebookgruppa. Ta også kontakt med Håvard dersom du ynskjer å verta informert om når det er folk i hallen eller dersom du ynskjer å låna hallen i ferien.
Treningane og open hall startar opp att til vanlege tider etter nyttår. Første dag vert sundag 04. januar. Då er det Vaffelsundag med sal av kaffi og vafler – slik det er første sundagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade. Arrangementet er frå kl. 17.30-19.00. Alle er vel møtt, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.
Hardanger BTK ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ei god jul!








