Me i Hardanger Bordtennisklubb ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener eit godt nytt år!!
Treningane og open hall startar opp att til vanlege tider etter nyttår. Første dag vert sundag 04. januar. Då er det Vaffelsundag med sal av kaffi og vafler – slik det er første sundagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade. Arrangementet er frå kl. 17.30-19.00. Alle er vel møtt, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.








