76 deltakarar frå ti klubbar er påmelde til årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open.
Hardanger BTK er største klubb med 22 påmeldte.
Turneringa vert arrangert i Norheimsund idrettshall laurdag 07. februar. Me vil også ha eit par bord i amfisalen på Norheimsund skule – som ligg i det same bygget.
Spelarar frå Hardanger BTK, Laksevåg BTK, Fjell, Sportsklubben Heros, Bergen PIL, Stord BTK, Haugesund BTK, Voss BTK, Stavanger BTK og NHHI deltek.
Blant deltakarane er tidlegare kongepokalvinnar Roger Andersson frå Stord BTK.
Deltakarlistene finn du her. Her vil du seinare også finna resultat, og sida vil verta oppdatert undervegs i stemnet.
Me ynskjer alle vel møtt til Norheimsund Open 2026!








