Sterke resultat frå stor HBTK-tropp!

Frå venstre: Liam, Murad og Mohamad hevda seg veldig godt i turneringa!

Hardanger BTK stilte med heile 23 deltakarar og oppnådde mange flotte resultat i årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open, som me arrangerte i Norheimsund idrettshall laurdag. Blant deltakarane våre var alderskilnaden 68 år frå den eldste til den yngste!

Best gjekk det med Murad Basem Farah. Han gjekk heilt til topps i herrar F, og vann dermed klassen for første gong! Han sikra seg også ein flott andreplass i gutar/jenter 15.

I herrar E vart det ein sterk andreplass til Liam Amir Jamal. Han vann 3-2 i fleire av kampane på veg mot finalen. Mohamad Basem Farah og Kristian Sørheim fekk begge femteplass i klassen. Mohamad gjorde det endå betre i herrar D, der han kom på ein imponerande tredjeplass! Han slo også sølvvinnaren i klassen i puljespelet. Liam vart nummer fem i denne klassen.

I herrar/damer dobbel vart det tredjeplass på Håvard Markhus/Aodne Valland. I herrar E dobbel vart Liam/Mohamad nummer to etter å ha tapt med knappast mogleg margin – 3-2 og 11-9 i siste sett – i finalen.

I rekrutt 15 vart Shahd Mohammad Alghneem nummer fem. Mona Yusuf Noor vart nummer to i B-sluttspelet. I rekrutt 11 gjekk Mihai Samboteanu til topps i B-sluttspelet! Elles så er det gledeleg at klubben vår hadde med heile ni spelarar i rekruttklassane!

I klassane Golden Boys/Girls hadde HBTK med til saman seks deltakarar. Olav Erik Kreken vart vår bestemann med sin andreplass. Torgeir Flatebø og Thor-Arne Lyshaugen vart nummer tre.

77 spelarar frå ti klubbar var påmelde til stemnet, men me fekk nokre forfall. Tidlegare kongepokalvinnar Roger Andersson var blant deltakarane. Sistnemnde, som bur i Øystese, men spelar for Stord BTK, gjekk til topps både i herrar/damer open og saman med sonen Jan Roger Andersson i herrar/damer dobbel.

Det vart konkurrert i femten klassar i årets turnering. Det vart spela på nitten bord, to av dei i amfisalen på Norheimsund skule. I sekreteriatet hadde Brage Titlestad og Kim-Erling Bolstad-Larssen full kontroll. Jeannette Huttenlocher og Bente Maubach hadde ansvaret for ein innhaldsrik kiosk. Mange andre hjelpte til på ulikt vis. Medlemer, foreldre og andre stilte opp – både med opprigging, i kiosken og i hallen under stemnet og med nedrigging. I tillegg måtte alt av bord og anna utstyr fraktast til og frå idrettshallen, sidan me ikkje lenger har noko lager der. Nærare tretti stilte opp på dugnad i samband med arrangementet! Me takkar alle som stilte opp før, under og etter stemnet! Me takkar også alle bedrifter som støtta oss med gåvepremiar!

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med innsats og resultat i stemnet! Særleg kjekt er det å sjå den store framgangen fleire av våre yngre spelarar har hatt det siste året. Døme på det er at Murad i fjorårets utgåve av Norheimsund Open vart nummer fem i rekruttklassen medan han i år vann herrar F! Broren Mohamad vart i fjor nummer fem i herrar F medan han i år vart nummer tre i herrar D! Me er også veldig godt nøgde med gjennomføringa av turneringa! 

Neste turnering er Haugesund Open laurdag 14. mars.

Alle resultat finn du her.

Me takkar alle for eit kjekt stemne, og ynskjer alle velkomne tilbake til Norheimsund Open 2027!

Kristian spelte sitt første Norheimsund Open på veldig mange år..
Mohamad og Liam i sving i herrar E dobbel
Mohamad og Liam i sving i dobbel
Mihai gjekk til topps i B-sluttspelet i rekrutt 11
Flesteparten av deltakarane i Golden Boys/Girls
Elisabeth Bjorøy var einaste dame som stilte opp i Golden Boys/Girls i år. Det lønna seg..
Jan Visser deler ut medalje til Mihai
Klubbmaskoten var på plass
Både pokalar, medaljar, gåvepremiar og pengepremiar vert delte ut
Kim-Erling og Brage var sentrale brikker i arrangementet
Felix van der Leest coachar Murad
Slik såg hallen ut etter at han var rigga fredagskveld
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.