
Hardanger BTK sitt førstelag spela laurdag sesongens sjuande kamp i 4. divisjon. Laksevåg 4 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. HBTK vann den svært spanande lagkampen 6-4.
HBTK stilte med Håvard Markhus, Aodne Valland og Kristian Sørheim. Sigrane våre kom ved Håvard (2), Aodne (2), Kristian og dobbelparet Håvard/Kristian. Berre ein kamp gjekk til femte sett. Det var den nest siste kampen, og den vann Aodne 3-2 etter at motstandaren hadde sigeren i lomma på stillinga 2-1 og 9-7. Etter ein timeout snudde Aodne kampen og sikra med det både siger til seg sjølv i singelkampen og til HBTK i lagkampen.
Dermed har førstelaget sikra seg seks av fjorten moglege poeng etter sju spelte kampar.
HBTK gjekk forbi motstandarane og klatra til fjerdeplass på tabellen etter laurdagens kamp. Seks lag er med i avdelinga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.
Neste kamp er ein heimekamp mot Fjell. Den vert spela i Hardanger Bordtennishall måndag 09. mars.








