Helga 18.-19. april arrangerer Stord BTK årets regionsmeisterskap i nyehallen i Stord idrettspark.
Laurdagen er det mogleg å delta i ein dobbelklasse og ein singelklasse, og det kostar mellom 120 og 260 kroner å delta i dei ulike klassane. Det er klassar for alle aldersgrupper, men ikkje rekruttklasse.
Sundagen kan ein delta i ein klasse og det kostar mellom 160 og 260 kroner å delta i dei ulike klassane. Det vert arrangert herrar E, herrar C og rekruttklasse.
Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 09. april.
Det er fint om nokon melder seg som sjåførar. Det er mogleg å vera med ein eller to dagar. Det kan også verta aktuelt å reisa ned fredagskveld.
NB: Alle som er fødd i 2013 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje rekruttklassen.








