På onsdagens årsmøte i Hardanger BTK tok Håvard Markhus attval som leiar. Dei fleste andre tok også attval.
Den einaste som forlet eit verv er styremedlem Kjersti Hanssen. Me takkar Kjersti for flott innsats i styret!
Nytt styremedlem vert Sissel Svåsand.
Me ynskjer det nye styret og dei andre valde organa lukke til!
Det nye styret ser slik ut:
Leiar: Håvard Markhus
Nestleiar: Lars Henrik Mo
Styremedlem: Sissel Svåsand
Varamedlem: Thor-Arne Lyshaugen
Kontrollutvalet ser framleis slik ut:
Leiar: Martin Dalane
Medlem: Trine Alette Fykse
Valkomitèen ser framleis slik ut:
Leiar: Vidar Sangolt
Medlem: Bente Maubach
Varamedlem: Aodne Valland
Under «Om klubben» øvst på sida finn du ei oppdatert oversikt over alle med faste oppgåver i klubben.
Fem medlemer møtte på årsmøtet, som vart avvikla i Hardanger Bordtennishall. Årsmøtet kunne slå fast at 2025 var eit vellukka år for klubben!
Årsmeldinga vert lagt ut på nettsida i ei eiga sak seinare.








